Poisson d'or

Roman  •  Voksne

Gullfisken

Jean-Marie Gustave Le Clézio

2002

Originaltittel:Poisson d'or
Oversatt av:
Ragnar Hovland

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Flyktninger
Den marokkanske jenta Laila blir kidnappa som lite barn og selt som ein gjenstand. Den første "eigaren" er krevjande, men gjev Laila solid ballast av god lese-, skrive- og reknekunnskapar. Da ho døyr, startar eit omskifteleg liv som endar i ei lang og bitter erfaringsreise i Europa og USA. Laila blir utnytta og plaga, lurt og sviken, men har ein enorm indre styrke. Møte med nokre gode menneske på si ferd gjer at ho ikkje går under, men får styrka trongen til å lære og til å leve. Laila knyter ikkje varige band til folk og stader; ho er på reise. Etter kvart skjønar ho at ho må finne tilbake til sin tapte barndoms landsby, for å starte på nytt frå den sollyse gata der ho ein gong vart fanga og putta i ein mørk sekk. Då kan kjærleikens tid begynne. I følge forlaget er denne boka eit sterkt bidrag til vår forståing av innvandrarar sin situasjon i mange land. Le Clézio har siden debuten i 1963 etablert seg som ein av dei viktigaste moderne franskspråklege forfattarane.

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content