Litt.Sandnes
Litt.Sandnes er Sandnes bibliotek sin litterære festival, som har blitt arrangert siden 2015. Sidan 2023 har festivalen gått av stabelen i februar.
Kva er Litt.Sandnes?
Festivalen vart starta med ønske om å formidle spennande kulturuttrykk og aktuelle samfunnsrelaterte tema i ulike formar. Gjennom åra har Litt.Sandnes vore ein arena for samtalar om skjønnlitterære forteljingar, sakprosa-relaterte føredrag, paneldiskisjonar om litteratur og samfunn, og det har også vore innslag av musikkveldar, teater og meir.
Frå 2020-2024 var det også eit festivaltilbod for barn; BitteLitt.Sandnes.
Samarbeid og støtte
Litt.Sandnes hadde ikkje vore same gode arrangement utan engasjement og hjelp frå ei rekke samarbeidspartnarar og støtte. Nå takkar me Sandnesposten og Fritt Ord for støtte til festivalen, men me har også gjennom tidene hatt samarbeid med Sandnes Brygge, Vitenfabrikken, Restaurant Fira, BådeOg, Vatne Bokhandel og Melkebaren, samt mottatt økonomisk støtte frå Nasjonalbiblioteket, Rogaland fylkesbibliotek og Sandnes Sparebank.