Yoga

Roman  •  Biografiske fortellinger  •  Voksne

Yoga

Emmanuel Carrère

2020

Originaltittel:Yoga

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Depresjon
  • Yoga : filosofi
  • Emmanuel Carrère (forfatter), 1957-
Dette er ei bok om yoga, eller, slik var ho i alle fall tenkt. Solbadande i eigen suksess (Riket), og for ein gongs skuld lykkeleg komfortabel i livet, slik det artar seg på veg mot seksti, vil Carrère skrive ei lita oppbyggeleg bok om yoga og meditasjon. Men frå første side i den boka du no har gripe tak i, blir det heilt klart for lesaren at verken boka, eller livet, tok den retninga forfattaren såg for seg. Under ein yoga-retreat får Carrère opphaldet avbrote av terroren mot Charlie Hebdo, og han søkk ned i ein djup depresjon som endar i ein tilstand av mental ubalanse og eit opphald på sinnssjukehus. Der blir han behandla med elektrosjokkterapi. I tillegg raknar ekteskapet, og etter nokre månader finn me Carrère i Irak på jakt etter ein koran stenka i blodet til Saddam Hussein, før han prøver å finne att likevekta som skrivelærar, omgitt av unge båtflyktningar på den greske øya Leros. Dette er ei bok om éin manns ønske om å bli betre, og om å vere betre. Yoga er marinert i tvil, og kastar oss ut mot medvitets yttergrenser, der vi endeleg kan sjå tinga slik dei verkeleg er.

Se Anne Kristine fra Tromsø bibliotek og byarkiv fortelle om boka

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content