Biletbok. Det var ein gong ei lita høne som heitte Perlegrå. Om sommaren var ho med dei andre hønene til seters, og der var det mange andre dyr òg: Kyr og kalvar, geiter og kaniner. (Og mus!) Budeia stelte godt med dei alle. Men ein dag skjedde det eit uhell, og det blei skrål og spetakkel! Vesle Perlegrå gøymde seg under trappa og kom ikkje fram att meir den dagen, og ikkje den neste heller? Dette er ei biletbok der ein kan sjå og høyre om livet på setra.