Floke og venene kjem endeleg fram til Åsgard, heimen til gudane. Der møter dei mellom andre Odin, men sjølv ikkje han trur på at verda skal gå under. Floke må ta saka i eigne hender, men korleis skal ein godlynt liten sprett hindre den store undergangen? Forfattaren er inspirert av norrøn mytologi og eventyr og har lagt inn mykje action og humor. Dette er siste bok i soga om Floke. Teikneserieroman for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.