Vilde skal arbeide som del av eit ernæringsteam i eit afrikansk land, ved ein feltklinikk. Perioden og området er prega av stor armod, svelt og konflikt. Dagleg må Vilde lære seg å arbeide med menneske som er utsvelta, sjuke og skadde av krig. Samstundes tenkjer ho på det vanskelege kjærleiksforholdet som ventar heime i Noreg. Misforholda mellom si eiga og andre si ulykke, det permanente og det mellombelse i situasjonane deira, og det fattige og det privilegerte, settast i spill i denne romanen. Omtalen er utarbeidd av BS.