Den vesle ulveungen Sim er ein leiken krabat. I dyrehagen fortel ulvemamma Una om korleis det er å leve i Verda Utanfor: springe over store sletter, jage i flokk gjennom skogane, hyle mot månen. Sim synest det høyrest fint ut å kunne fare av stad i full fart og boltre seg med heile naturen som leikeplass. Bak i boka er det ein del fakta om ulven. Dette er ei bok som tar opp temaet ulvar i fridom versus ulvar i fangenskap. Tekst på bokmål. Billedbok for førskolebarn/småskoletrinnet.