Med den mytiske fredlause Ned Kelly og historia om hans merittar har Peter Carey skapt liv til ein heroisk figur som overvinn alle grenser, og gir kropp til tragedie, overleving og fridom. Historia om den verkelege Ned Kelly er framleis Australias sterkaste mytiske legende, sitt lands elska Robin Hood. I romanen er han ein heilstøypt helt; kjærleg son, elskande mann, øm far, lojal venn. Vi får Ned Kellys tilståing, med hans eigne ord, skrivne på flukt. Historia skriv han til dottera, som han aldri rekk å sjå. Saman med brørne og to venner, utløyser Ned Kelly ei massiv politijakt som varar i tjue månader. Fram til han sist blir teken, og sidan hengt, overlever han ved si kløkt og sitt hjarte, og kombinerer kunnskapane om livet i bushen med smarte bankran, og nyt godt av støtte og hjelp frå alle som ikkje ber uniform. Peter Carey fekk i 2001 Bookerprisen for denne boka.