Tredive dages mørke

Roman  •  Krim  •  Voksne

Tredive dages mørke : krimi

Jenny Lund Madsen

2020

Lån boka

Om boka

  • Forfattere
  • Island
Den snobbete og drikkfeldige forfattaren Hannah Krause-Bendix, som attpåtil har skrivesperre, inngår i ein svak augneblink eit veddemål om å skrive ein kriminalroman på tretti dagar. Redaktøren sender henne til Island for å finne inspirasjon og arbeidsro der, og ho installerer seg hjå gjestmilde Ella i den vesle, fredelege tettstaden Húsafjöður. Under den rolege overflata viser det seg snart å vere sterke straumar. Etter berre nokre få dagar blir Ellas nevø Thor fiska opp av vatnet. Drukna. Som dei fleste andre på staden var han son av ein fiskar, men han hadde også heftig vasskrekk. Alle veit at Thor aldri ville ha nærma seg vatnet på eige initiativ, så korleis kan han ha drukna? Hannah byrjar å utforske dødsfallet, det verkar som ein lovande start på ein krimklisjé, men snart blir ho omslutta av Húsafjöðurs farlege hemmelegheiter.

Utgaver