Jærdiktaren Torvald Tu var ein produktiv forfattar innan litterære sjangrar som epikk, lyrikk, dramatikk og essay, men har likevel ikkje fått nokon særleg plass i norsk litteraturhistorie. Denne biografien gir innblikk i hans liv og diktkarriere. Den beskriver mellom anna korleis han henta motiv frå bygde- og bondemiljøet på Jæren og betydinga av humoren i tekstane hans. I tillegg diskuterer boka korleis ein forfattar som var såpass populær over store delar av landet, så fort kan gli ut i det ukjende.