Einar Økland har gjeve oss ei lita samling vers som inneheld mange underfundige tankar og mykje svart humor. Han har henta inspirasjon frå det norske, frå kunsten, bibelhistoria, slekt og vener og "vanlege ting". I nokre av versa har han nytta både rim og rytme, men dei fleste dikta er i ubunden form, slik vi kjenner forfattaren best. Versa er illustrert av Einar Økland sjølv. Han har laga collager med bilete av gamle bibelkort og pastillesker m.m., og ein vignett med bilete avtrykknappar, hekter og stiftar går igjen på ei rekke av oppslaga. Illustrasjonane er i svart/kvitt. Samlaget, 1997.