Sonettar

Dikt  •  Voksne

Sonettar

Per Olav Kaldestad

2023

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Reise Eit steg, eitt til, så er det gjort: snart er du langt av stad, og før du anar står du ved ei elv, ein fjord, eit hav og ser koss kvervlar, krusningar og bølgjer går - dei vinkar med seg tanken din, han fer til rom og menneske du drøymer om. Du bryr deg ikkje med kva lei det ber, du følgjer røystene som kviskrar «kom», dit du var så mange gonger før, dit du aldri var, men lengtar til. Kanskje kjem du til ei open dør der nokon står og spør deg kva du vil. Omkring deg breier seg ei unders verd. Eit steg kan vera nok: så er du der. Frå ein undergrunnsstasjon i Moskva, til ein karaokepub i Irland, frå halefrosk og kivi-høner i New Zealand til ei kråke heime på tunet i Noreg - gjennom den tidlause sonettforma tek Per Olav Kaldestad med lesaren på ei rik reise, og skildrar det som møter blikket med ærefrykt og takksemd som vitnar om ein djup kjærleik til verda og menneska.

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content