Stein var ein lovande pianist, men braut av utdanninga, og begynte som anleggsarbeidar på heimstaden sin istaden. Han køyrer lastebil, og har nettopp hatt eit uhell, når han får vite at bestefaren er død. Omtumla dreg han til Bergen, samstundes som han gjer ei reise attende til åra ved Bergen Musikkonservatorium der også ungdomskjæresten Astrid var ein del av livet hans. Reisa går føre seg på mange tidsplan, og mens Stein forsøkjer å få forklaringar på kva som har hendt han, står det klart kva han eigentleg kjem til å gjere.