Dette er den andre boka om Mira. Framleis er det ponnien Robot som står i sentrum. Likevel er det plass for fleire element i boka: Klassevenninnene til Mira blir misunnelege på henne sidan ho har eigen hest, og ho blir frystut i klassen. Også i rideklubben der ho har Robot, får ho problem og blir mobba. Det held på å gå heilt gale, men med hjelp frå kloke vaksne, vennen Gustav og ikkje minst Robot, går alt bra. Samlaget, 1998. 161 s.