Pode

Fortelling  •  6 – 8 år

Pode

Tor Arve Røssland

1999

Illustratør:
Øyvind Torseter

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Mat og drikke
  • Kresenhet
Få veit at det blir uver om ikkje det som blir sett fram på middagsbordet, blir ete opp. I alle fall går det slik då UFO-mannnen dukkar opp. Pode, seks år, blir åtvara, men han er kresen og lite glad for dei kulinariske utprøvingane til faren, og sommarveret er heilt ut av lage for ei veke. Det blir kalkunkulde, elghelg, dravlestorm, pizzavarme og makaronihimmel, alt etter matlysta til Pode. Men Pode oppdagar også at han kan gjere pengar på veret. I denne leikande historia der lesaren må godta mange krumspring og brot med det realistiske, kan alt skje. Forfattaren har hatt ein god ide som han har tatt godt vare på slik at det har vorte ei vellykka episodisk forteljing, artig og passe sprø stort sett over det heile. Språket er godt, velklingande og lett med mykje direkte tale. Øyvind Torseter sine strekteikningar i enkel, naivistisk stil er artige, her blir det leika og spela på fantasien på same vis og like mykje som i teksten. Samlaget, 1999.

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content