Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger

Roman  •  Bildebok  •  6 – 12 år

Plutselig ville eg ikkje laga dorulldyr lenger

Bjørn Sortland

2005

Illustratør:
Øyvind Torseter

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Forelskelse
Livet består av viktige hendingar, nokre meir markerte enn andre. I denne historia handlar det om forelsking. Kor gamal må ein til dømes vere for å få seg kjæraste? Bokas eg-person grunner over dette medan klassekameratane kniser og sender lappar til kvarandre. Dei er alle i full gang med kjærasterigreier, berre ikkje han, endå han kanskje er den einaste i heile klassen som verkeleg er forelska. I staden nyttar han tida til å gjere det han kan aller best, nemleg å lage dorulldyr. Men ein dag endrar alt seg. Han kjem i skade for å såre Maja, jenta han aller helst vil vere saman med, og dermed vert han tvungen til å konfrontere både seg sjølv og Maja med kjenslene sine. Eit vellukka samspel mellom tekst og bilete gjer dette til ei artig og humoristisk forteljing, men utan at alvoret i guten sine kjensler forsvinn. Illustrasjonane kommuniserer godt med teksten, og uthevar sentrale aspekt i historia på ein dekorativ og uttrykksfull måte. Dei framstår som collagar av handlingselement og evnar både å underbyggje og utvide forteljinga. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur). Bøkene i serien "Lesehesten" er beregnet på barn i 3.-4. klasse som har lært både små og store bokstaver. Bøkene har mange fargerike illustrasjoner, små og store bokstaver, korte setninger og enkel tekst. Nynorsk tekst.

Utgaver