Over jordet

Bildebok  •  3 – 10 år

Over jordet

Oddmund Hagen

1998

Illustratør:
Akin Düzakin

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

I utgangspunktet er dette ei enkel forteljing: Ein liten haregut ligg og ventar på at det skal bli mørkt nok til at han kan våge å løpe over eit jorde og komme seg heim. Mens han ligg der tenkjer han på far, som har gjevehan så mange råd, og som er så rask og lur at han har blitt eldre enn dei fleste harar. Med denne situsjonen som utgangspunkt, og med den stadige spaninga som ligg i den som grunntone, behandlar teksten fleire vesentlege tema. Lengten etter tryggleik spring lesaren i augo, og den ekstreme situasjonen harane lever i, med trusselen om å bli tilinkjegjort stadig hengande over seg, gjev assosiasjonar til menneske i naud. Samstundes er forholdet mellom ein gut og foreldra hans eit viktig tema. I guten sine førestillingar er far den handlande helten som ein kan lite på i eit knipetak. Mor er passiv. Handlinga viser at det ikkje er sikkert det er sliki røynda. Akin Düzakin sine illustrasjonar er med på å gjere denne boka til noko særskilt. Med den sterke bruken av lys og fargar som vi er blitt vande med frå denne kunstnaren, blir hareguten framstilt som eit nokså menneskelegdyr som det er lett å leve seg inn i. Den mørke, realistiske skogen haren ligg og ventar i, står i ein skarp kontrast til draumane hans, som er illustrerte med naivistiske bilete i varme fargar. Ei biletbok i tungvektsklassen. Samlaget, 1998. [30 s.],kol.ill. [ill.:] Akin Düzakin. (Annoteringen er utarbeidet av Statens bibliotektilsyns rådgivende utvalg for barne- og ungdomslitteratur).

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content