"Ordbog over det norske Folkesprog" (1850) av Ivar Aasen er den første ordboka over norsk språk som byggjer på systematisk innsamla materiale. Saman med "Det norske Folkesprogs Grammatik" (1848, ny utgåve i 1996) er ordboka ein grunnstein både for norsk språkvitenskap og for den nynorske skrifttradisjonen. Boka kom ut i ny og auka utgåve i 1873 (Norsk Ordbog). "Orbok over det norske Folkesprog" er ei svært rik kjelde til kunnskap om norske dialekter, norsk ord og norsk ordgeografi på 1800-talet. Ordboka kom i eit opplag på 500 og var utseld etter fire-fem år. Sidan har denne utgåva ikkje vore å få. Den nye utgåva har moderne typografisk utstyr. All tekst er endra fra fraktur til moderne latinsk skrift. Tillegg og rettingar som i førsteutgåva står bak i boka, er sette inn i ordartiklane på alfabetisk plass. Boka har ei fyldig fagleg innleiing av Kristoffer Kruken og Terje Aarset.