Agnes Ravatn, tidlegare internettslave, har skrive ei sjølvhjelpsbok for alle som ikkje kan fordra sjølvhjelpsbøker, men som likevel innser at noko må endrast. Er du for eksempel ein av dei som sjekkar Facebook eller Twitter annakvart minutt, eller som tenker at du skal begynne å trene, berre ikkje akkurat i dag? Her fortel Ravatn korleis du kan overvinne distraksjonar, slutte å utsetje gjeremål, motstå freistingar og etablere gode arbeids-, kosthalds- og treningsvanar. Boka er ein praktisk og vitskapleg fundert guide som kan hjelpe deg å slutte med prokrastineringa og faktisk få noko gjort. Omtalen er utarbeidet av BS.