Norsk litterær årbok inneheld litteraturvitskaplege artiklar som samanfattar fjoråret. Frode Helmich Pedersen skriv om den norske røyndomslitteraturen og debatten rundt den, medan Carina Franzén løftar fram nyansane i forfattarskapen til Katarina Frostenson, vinnaren av Nordisk Råds litteraturpris. Her er òg artiklar om Helene Dickmar og Nini Roll Anker, om etiske spørsmål, øko-kritisk lesing av litteratur og ein sjangerkritisk diskusjon av dramatiske opningar. Omtalen er utarbeidd av BS.