Norsk litterær årbok inneheld litteraturvitskaplege artiklar som samanfattar fjoråret. Erling Aadland skriv om Jon Fosse, vinnaren av Nordisk råds litteraturpris. Carina Elisabeth Beddari og Jørgen Sejersted skriv høvesvis om prosa- og lyrikkåret 2015, og Eivind Tjønneland summerer opp fjorårets essaydebatt. Her er òg artiklar om mellom andre Olav H. Hauge, Dorothe Engelbretsdatter, Karin Fossum og Gunnar Lunde. Omtalen er utarbeida av BS.