Lån boka
Om boka
Standardfloraen for Noreg har kome ut med ca. ti års mellomrom sidan 1944. Den dekker ville planter i Noreg og dei norske arktiske øyane Jan Mayen og Svalbard med Bjørnøya. Etter ei bruksrettleiing forklarer boka viktige omgrep, norske og vitskaplege plantenamn. Hovudnøkkelen gir hjelp til namnfesting av plantane, og viser kvar dei enkelte plantetypane er omtalt i boka. Boka dekkjer alle dei 2880 høgare plantane med nøklar, omtale, teikningar og opplysningar om økologi og utbreiing. Lengst bak finn du eit oversyn over vitskaplege namn, sjeldne og sårbare plantar og register over norske og vitskaplege namn. I denne 8. utgåva er det kome med meir enn 500 nye plantar som er funne eller i alle fall påviste dei siste åra. Teksten og nøklane er omarbeidde, og informasjonen om utbreiing og økologi er oppdatert slik at floraen syner dei store endringane i norsk flora dei siste 15 åra sidan førre utgåva. Omtalen er utarbeidd av BS.