Roman  •  6 – 10 år

Frans og lærar Sikksakk

Christine Nöstlinger

1998

Originaltittel:Neue Schulegeschichten vom Franz
Illustratør:
Erhard Dietl

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Frans har det for det meste greit. Men han har eit problem: Kvar gong han blir sint, får han ei pipete stemme som gjer at ingen forstår kva han seier.Dessutan er han liten av vekst, og han skriv ofte bokstavane bak fram. Det er stundom ille, men til å leve med. Verre blir det når matteboka fell i badekaret, og Frans må gå på skulen og forklare det heile for lærar Sikksakksærleg etter at lappen som pappa har skrive, lir tilnærma same skjebne som matteboka. Men om Frans har pipete stemme, er han ikkje rådlaus. Han les innforklaringa til læraren på kassett og tek kassettspelaren med på skulen. Dermed er problemet løyst. Frans får ny mattebok og oppdagar i tillegg at lærer Sikksakk slett ikkje er så streng som han hadde trudd. Forteljinga er skriven med glimt i auget. Handlinga er lett å følgje, og denne nynorskutgåva er vellukka som lettlestbok. Damm, 1998,

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram