Mørkemanaren

Roman  •  Fantasy  •  11 – 15 år

Mørkemanaren

Asbjørn Rydland

2012

Del 3 av Drakeguten

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Koll er tilbake ved Kvervad etter den dramatiske turen til Vilkafjord, men slit med å bli tatt alvorleg som arbeidskar under utgravinga av drakeholen. Endå det var han som oppdaga ho. Heller ikkje når han kjem over mistenkelege framandfolk i skogen rundt gruvene blir han høyrt. Men det varer ikkje lenge før heile Kvervad er full av utsendingar frå Vilkafjord som har høyrt rykte om skatten i drakehola. Ei tett skodde legg seg over landsbyen, og Koll skjønar at mørke krefter er i spel. Men han må finne ut korleis han skal få verna Kvervad mot desse, når Rådet ikkje trur på det han fortel. Saman med Faria, dotter til smeden, tar han kampen opp mot mørkret som trugar. Kreftene han får frå Nordavinden blir endå ein gong nyttige, men dei kan og vere farlege. Fantasy for mellom-/ungdomstrinnet.

Utgaver