“Mare” hadde premiere på Det Norske Teatret i 2019 og vann Ibsenprisen for beste scenetekst i 2020. Stykket tar utgangspunkt i eldre mytar om Medea, kongsdottera som drepte for fote og til slutt tok livet av sine eigne barn. I “Mare” er ikkje skulda for barnemorda så klar som i den opprinnelege forteljinga. I stykket møter vi ei handfull sprikande skikkelsar: Pan, den første teaterkritikaren, Hera, som hadde lova å verne Medeas barn, og Magda Goebbels, som tok livet av dei seks barna sine. Denne boka er illustrert med foto frå oppsetjinga på Det Norske Teatret og ein original collage frå Maja Nilsen, biletkunstnar og scenograf på “Mare”. Omtalen er utarbeidd av BS.