Lange-Tomas sit barnevakt for vesle Anne og skal trylle fram ting frå hatten sin. Morosamt er det, men det blir ikkje heilt riktig før han kjem på å trylle fram foreldra til Anne, som sanneleg kjem heim i det same. Forteljinga er strengt komponert med likskapar med både regleeventyr og peikebøker. Tekst og bilete er fint balansert i ei historie som hentar inspirasjon frå barnas leik og som kan inspirere til leik. Samlaget, 2002.