Rosa sit ved dødsleiet til mor si, Vincenzina. I håp om å lindre kallar ho fram historia til mora - korleis ho som ungjente reiste frå den fattige landsbygda og møtte Rafaele, son av ein fallen overklassefamilie. Utan velsigning frå mor hans giftar dei seg og flyttar til den fattige åsen i Napoli som skal bli staden der Rosa veks opp. Romanen er ei forteljing om kvinner i tre slektsledd, om eit brutalt liv med overgrep og sjukdom, galskap og intens kjærleik. Omtalen er utarbeidd av BS.