Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset

Skuespill  •  Historiske fortellinger  •  Adaptasjoner  •  Voksne

Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset : skodespel

Kjersti Horn

2022

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

  • Norge - Historie - 1130-1349
  • Norge - Historie - 1349-1536
  • Middelalderen
Sigrid Undset sin romantrilogi Kristin Lavransdotter er eitt av dei viktigaste verka i norsk litteratur. Forteljinga, som føregår i Noreg i første halvdel av 1300-talet, gir ei eineståande og sterk skildring av eit heilt menneskeliv, og følgjer Kristin Lavransdotter i ein boge frå ungdom og attrå, gjennom vaksenliv og samliv fram til alderdom, ettertanke og religiøs grunding. Romantrilogien handlar om den store kjærleiken og dei store svika, om lengt, kvardagsliv og om søking etter meining, om tilgjeving, sorg og anger. Trass i at romanen kom ut for over hundre år sidan, med ei handling sett sju hundre år tilbake i tid, er dei menneskelege dilemma like gripande og enkle å kjenne seg igjen i. Kjersti Horn og Kristian Lykkeslet Strømskag har dramatisert alle dei tre delane av trilogien. Karakterane i romanen vert her med-forteljarar til kvarandre si historie, av og til kommenterer dei kvarandre, av og til fortel dei frå djupet av seg sjølve. Slik vert Kristin Lavransdotter av Sigrid Undset ein særs levande, dynamisk, fortetta - og innimellom humoristisk - versjon av opphavsverket.

Utgaver

Kontakt

Sandnes kommune
Ansvarlig redaktør: Trude Svanes
Besøk oss på facebookBesøk oss på instagram
Bygget med Libry Content