I denne boka får ein vite mykje rart om mat. Og det gjer ein fordi Klara er ei jente som lurer på mykje rart. Klara er på sommarferie hos besteforeldra som driv gard, og får hjelpe til i gardsbutikken. Men det er lite kundar, og Klara meiner dei må utvide vareutvalet. Saman med bestemor oppsøker ho eit ysteri og ein sjokoladeekspert, og undervegs lærer Klara mykje rart om mat. Det kjem til nytte når ho skal skaffe kundar til butikken. Ho lærer blant anna at ein tilsett kalvemage i mjølka når ein lagar ost, og at sukker har blitt brukt som både pengar og medisin, og kor mykje honning ein får frå 30000 bier. Boka formidlar spennande kunnskap om ting som omgir barn i kvardagen. Fortelling for småskole-/mellomtrinnet.