I denne boka får ein vite mykje rart om noko så kvardagsleg som kva klede er laga av. Klara lærer blant anna at silke er laga av ormespytt, fleece av resirkulert plast og kor mange sauer ein treng for å få ull nok til eit sofapledd. Klara bur saman med foreldra sine og veslesystera, men ho har og ei storesyster, Emilie, som bur der av og til. Emilie skjønar mykje av det dei vaksne ikkje veit så mykje om. Når Klara fortel på skulen om alt det rare klede kan vere laga av, er det ingen som trur henne. Men Klara kontaktar både bibliotek og ekspertar, og til slutt held ho føredrag på skulen om alt saman. Fortelling for småskole-/mellomtrinnet.