Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918-1923. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juvikingane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr. Det sjette bandet skildrar manndomsåra til Odin, og den store striden som ættesoga munnar ut i. Som leiar i bygda har Odin fått i stand gamleheim, bank, ny veg og sildoljefabrikk. Mange motarbeider han, men Odin vil ikkje gi opp trua på det gode i folket. Med Juvikfolket fekk Olav Duun sitt store gjennombrot. Her føreligg sjette bandet, som har 100-årsjubileum i 2023. Etterord ved Erling Sørli.