Boka gjer ei historisk framstilling av utviklinga av jordbruket på det gamle og nye Jæren, frå brunt, grått og armt på 1800-talet til grønt, frodig og rikt på 1900-talet. Den flate landstripa i Rogaland fekk tidleg ein kreativ industrisektor, mange småbedrifter og nokre større industrilokomotiv. I dag spenner produksjonsspekteret frå vendeplogar og gravemaskinar, via lefser og ferdighus, til Sirevåg-reker og avanserte robotar. Boka er skriven i samarbeid med Jærmuseet. Den er illustrert med fotografier i svart-kvitt og er utstyrt med person- og bedriftsregister. Nynorsk tekst. Litteraturliste. Ill. 335 s. Ib. 2004.