Jon frå Torshov har ei mor som er på turné med ein tvilsam dansebandbassist, broren på 12 år har ADHD og er blitt ferska som øltjuv, og sosiallæraren er farleg nær sanninga om korleis det eigentleg er. Jon pakkar sekken fort som fy og rømmer vestover med broren, på leiting etter ein kriminell far som dei aldri har treft, og som ingen har sett snurten av på fjorten år. Dette er ei forteljing om eit brødrepar som tek ansvar for eige liv, om foreldre som ikkje tek ansvar, gamle løyndommar og to tenåringsgutar som fell for kvarandre. Spenning for ungdomstrinnet.