Fuglejenta

Bildebok  •  6 – 15 år

Fuglejenta

Hans Sande

2001

Illustratør:
Harald Nordberg

Lån boka

Tilgjengelig som:

Om boka

Krigen kjem til landsbyen med det dansande folket og dei må flykte gjennom ørkenen. To kjempefuglar syner dei vegen fram til tryggleiken på den andre sida. Saman med fuglane lever folket lykkeleg, heilt til menneska tek egga til fuglane og et dei. Då vert det kamp mellom menneske og fuglar. Ein fugl og ei menneskejente vert attende til slutt. Dette er fuglejenta og lagnaden hennar er nært knytt til fuglane som redda henne som spebarn. Ho snakkar fuglespråket, ho leiker med fjør ho finn og ho oppdagar kvar fuglane har lagt egga sine. Den dramatiske historien er sett gjennom augo til jenta. Teksten er kortfatta og poetisk, med trekk frå både myte og novelle. Motiv som blir tatt opp er grådige menneske, sårbar natur og borna som kjem i ein konflikt. Harald Nordberg sine illustrasjonar får ein til å tenkje på måleri frå renessanse og mellomalder. Samstundes finn ein element frå orientalsk kunst og element med meir realistisk preg. Variasjon kjenneteiknar storleik, teknikk, fargebruk og pla

Utgaver