Frode Grytten (fødd 1960) har gitt ut ei diktsamling, fem novellesamlingar og ein roman. Han har skrive reiseguide og barnebok, og han har vore antologiredaktør. Han fekk sitt gjennombrot med romanen <i>Bikubesong </i> i 1999 ? seksten år etter debuten. <br><br>Det er lett å kjenne att ein tekst av Frode Grytten. Det mest iaugefallande er det lette språket. Grytten slår ikkje om seg med framandord og han skriv ikkje intrikate setningar. Det er kan hende difor han har blitt så populær?<br><br>I forfattarhefta kan du lese ein artikkel om forfattarskapen til Grytten. I tillegg finn du om lag 25 omtaler frå norske aviser og referansar til meir stoff om forfattarskapen i tidsskrift, bøker og på nett. Til saman gir forfattarheftet eit omfattande bilete av forfattarskapen til Grytten og er ein god hjelp i blant anna oppgåveskriving.