Flekkmonsteret bygger harefelle

Roman  •  Bildebok  •  3 – 8 år

Flekkmonsteret bygger harefelle

Vetle Opedal

2007

Innlest av:
Morten Espeland

Lån boka

Om boka

"Ein dag det vesle Flekkmonsteret vakna i mosehytta si på fjellet, hadde han så lyst på harekjøt. Han åt stort sett mose, men denne natta hadde han hatt ein draum der han sette tennene i eit mørt og saftig harelår." Flekkmonsteret bestemmer seg for å byggje ei harefelle. Men korleis gjer ein det? spurde Flekkmonsteret seg sjølv. Han fekk ikkje noko svar og tusla ned til biblioteket i bygda for å spørje dama som jobba der. Ho hadde sjølvsagt ei hylle med harefellebøker - og ei om kaninfeller. Men det var ikkje lett å fange harar, fann Flekkmonsteret ut. Kanskje han heller ville ha ein ven? Han gjekk ned til biblioteket i bygda ein gong til, for å spørje dama som jobba der korleis ein byggjer ei vennefelle.

Utgaver