Turmatboka inneheld alt du treng for å verta den nye favorittkokken på turen. Den gir tips om alt frå enkle rettar som er raske å laga, til tre-rettars menyar og handleliste for vekeslange turar. Boka er delt opp slik at du finn mat du kan laga klart heime og eta ute, eller du kan bla deg fram til dei rettane du kan laga frå botn ute. Her finn du 80 oppskrifter på både middagar, snacks og desserter. Undervegs får du vite alt frå kor langt du kjem på energien du får i deg, korleis du kan planleggja og pakka turmaten, og kva slags utstyr du bør ha med. Omtalen er utarbeidet av BS.