Novellesamlinga "Enno var dei kroppar" handlar om menneske som er undervegs. Mange av dei er på vandring som eit resultat av klimakrisa, politiske konfliktar eller sosiale og økonomiske ulikskapar. Nokre er allereie komne fram, andre slit med å kome seg vidare. Forteljingane gir oss eit innblikk i korleis livet til millionar av menneske artar seg. Vi møter mellom anna ei kvinne som finn ein baby i ein park og ei bestemor som risikerer å bli skilt frå barnebarna sine når dei kryssar ei landegrense. Vi blir òg kjende med ei jente som søkjer tilflukt hos ein framand stamme. Då skogen vart invadert, vart stammefamilien hennar splitta. Historiene til menneska i boka er prega av brutalitet og svik, men dei inneheld òg omsorg og glimt av håp. Marit O. Kaldhol har teke imot fleire prisar, og ho har skrive bøker i dei fleste sjangrar for både vaksne, barn og unge. Omtalen er utarbeidd av BS.