Den dagen i sommarferien da Frida F fylte ti år, fekk ho ei gåve av mor si. Det var ikkje ei gåve ho hadde ønskt seg, slett ikkje. Ho var ikkje det minste interessert i henne. Gåva var ei fin, gammal porselensdokke. Og ho hadde vore svært dyr. Mor til Frida F hadde kjøpt dokka fordi ho likna det snille barnet ho så inderleg ønskte seg. Men Frida F var ikkje snill. Historien har innhaldsrik tekst og tøffe illustrasjonar. Lettlest for mellomtrinnet.