Elise er 13 år og har fått verdas beste sommarjobb. Ho skal vere assistent for onkel Kalle, som er veterinær i Tordenskrallbygda. Det blir hardt arbeid døgnet rundt, men då dei ein dag finn ein framand hest død i grøfta, får Elise også eit mysterium å nøste opp i. Ei sak som fører ho inn i farlege konfliktar i bygdas hestemiljø, og gir nytt liv til myten om dei mystiske tordenhestane. Dette er ein humoristisk og spennande historie. Forteljing for mellomtrinnet.