Dykkaren Báltusar Lárusson jobbar på havna i ein liten kystby på sørvestlandet. Under eit dykk finn han dei jordiske leivningane etter den jødiske kleshandlaren Melchior Gombrowitz støypt inn i ein betongblokk. Han blei borte i aprildagane i 1940. Når han no har blitt funnen, tretti år seinare, konkluderer politiet med at saka er forelda. Men ein dag får den lille kystbyen besøk frå kontinentet. Jewish Documantation Center i Wien har fått nyss om den gamle saka, og dei sender Kaspar Grossmann for å undersøkje. Det tar ikkje lang tid før han har somme høge herrar i den lokale frimurerlosjen i kikkerten. Omtalen er utarbeidd av BS.