Ei samling dikt i eg-form der emna er henta frå forteljaren sine kvardagsopplevingar og hans tankar og filosoferingar om litt av kvart av detsom skapar undring i tilveret. Dikta har humor, og forfattaren syner variasjon i både form og innhald. Mange av dikta har ein original vri. Samlinga er delt inn i 3 bolkar, kvar av dei tek til med titteldiktet "Ei fjør i hatten", men vi møter diktet i ulike variantar kvar gong.