Roman • Psykologiske thrillere • 13 – 15 år • 16-17 år
Eg skal rive deg i filler : roman
2024
Lån boka
Anbefaling fra et annet bibliotek
Ei hemnhistorie i ein Exit-aktig verd, den til den rike og rusa overklassa i Noreg.
Ho byrjar vondt denne boka. Skikkeleg vondt. Eit overgrep har ført til eit ung menneske vel vekk livet. Politiet henlegg saka. Tilbake står ein øydelagt familie. Så kjem ein film av overgrepet …
Storesyster Iben nektar å la dei to gutane sleppe unna. Ho set livet sitt på vent og går etter dei. Ho tenkjer å få den eine av gutane til å falle for henne, slik ho kjem nær nok til å felle alle tre, dei to som valdtok, og ho som filma utan å gripa inn. Men ettersom ho kjem nærare og nærare kjem tvilen, kven er det eigentleg som lurar kven?
Det vert svart, vondt og spanande.
Ei spanande historie frå verda til dei rike og mektige, som Succession og Exit. Ei bok for deg som likar store og sterke kjensle, men med eit kontrollert språk
Gjesdal folkebibliotek