Seks syttenåringar frå International School of Stavanger er på studietur til London då byen blir ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over byen på morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdommane som berre har ein tanke i hovudet, dei vil heim til Stavanger. Forteljinga har eit dødsalvorleg bakteppe samtidig som den er humoristisk og ungdommeleg optimistisk. Forteljing for ungdomstrinnet.