Dustefjerten og den store marsipanfesten

Roman  •  6 – 10 år

Dustefjerten og den store marsipanfesten

Rune Belsvik

1994

Illustratør:
Turi Frantze Lauenborg

Lån boka

Om boka

Dette er ei forteljing om Dustefjerten og venene som bur attmed bekken. Det er vinter, og tida nærmar seg for den store marsipanfesten. Mykje skjer og mange problem må løysast før festen kan gå av stabelen. Denne gongen skal festen vere hos Holesnusken, problemet er berre at Holesnusken meiner at dei andre tøysar og tullar bort tida, og han er ikkje interessert i å halde festen. Kavringreven får heller ikkje lage marsipanen, for oppskrifta kan berre marsipanfrosken, og han kjem ikkje på oppskrifta, for han er djupt ulykkeleg fordi kjærasten er blitt smørforgifta. Alt ordnar seg til slutt, og Andungen som har gledd seg så mykje, får det festleg saman med alle dei andre. Forteljinga har ein underfundig humor, og dei menneskelege karaktertrekka er treffande.

Utgaver