Den nye og kontroversielle veterinæren i Lom, Bente Ruste, forsvinn sporlaust. Det viser seg snart å vere fleire mistenkte i saka. Og enklare blir det ikkje då eit lik blir oppdaga i ein bekk: Det er ikkje Ruste, men ei som har lege død i lang tid. Når soknepresten i Lom, Einar Gelius, gjer ei skremmande oppdaging midt under ei jordfesting, er det fleire som stiller spørsmålet: Har desse to sakene likevel ein samanheng? Endå ein gong må lensmann Sylfest Seljestad, betjent Jørgen Vold og Reidun Hammer nøste opp dei ulike trådendane.