Då Paul Lund flyttar tilbake til heimbygda blir livet til Selma Salinger snudd på hovudet. For mange år sidan skulda ho Paul for eit alvorleg brotsverk, men han vart frikjent. Dei vonde kjenslene knytta til det som hende tek igjen overhand for Selma. Ho går drastisk til verks for å gjere opp for fortidas urett. Men kva var det eigentleg som skjedde? Er Selmas versjon den rette, og viss ikkje, kva for følger vil det få? "Det gode vi ikkje gjer" låner element frå kriminalromanen og den psykologiske thrilleren. Den er Ragnhild Koldens fjerde roman. Omtalen er utarbeidd av BS.