Kr.-1350 e.Kr. Utfyllende artikler fra Arkeologisk museum i Stavanger. Obrestad fortel historia om Rogaland, frå 10 000 før Kristus til midt på 1300-talet. Folket hadde her søkt ly inne i Svarthola på Viste, bygt ein landsby på Forsandmoen, ført dronningar i haug både på Klepp og Gausel og med Sigurd Jorsalfars hjelp reist ein katedral inst i den vågen som hadde fått namnet Stafangr. Tor Obrestad fortel i denne boka det forskarane i dag veit om vår eldste tid i Norge. Han har fått tilgang til all den nye viten som er samla dei siste 20-25 åra. Boka er illustrert med fargefotografi og med Eva Gjerdes teikningar. I tillegg inneheld boka ei lang rekke korte, populærvitskaplege artiklar frå medarbeidarane ved Arkeologisk museum i Stavanger, som utdjupar og kastar lys over dei faktiske opplysningane i Obrestads tekst.