Lån boka
Om boka
I denne boka viser historikar Knut Kjeldstadli korleis krisa i USA på slutten av 1920-talet fekk verdsomfattande ringverknadar, og kva slags konsekvensar dette fekk for nordmenn. Arbeidsløysa og dei sterke politiske og sosiale konfliktane under den store depresjonen prega familiar i fleire generasjonar. Gapet mellom arbeidsfolket som hadde mista jobbane sine og dei som hadde meir enn nok, vart alt for stort. Og krisa bana, som så mange kriser, veg for høgreradikale kreftar. Samstundes finn ein i denne tida også kimen til det som seinare utvikla seg til etterkrigstidas velferdsstat. Arbeiderpartiet fekk mykje av æra for å avskaffe arbeidsløysa, og mellomkrigstida styrka folks tru på at samfunnsorganisasjonen var svært viktig. Kjeldstadli har skrive mange bøker og har mellom anna fått Sverre Steen-prisen for framifrå formidling av historie. I Samlaget sin serie KRISETID tek nokre av våre fremste fagfolk for seg ulike historiske kriser i verda. Omtalen er utarbeidd av BS.