Dette er ei filmatisering av Tarjei Vesaas sin siste roman "Bruene" frå 1966. Det er eit stille, intenst drama mellom ein gut og to jenter, om kjærleik, solidaritet og svik i ein vakker, vill og storslått natur. Filmen vart spela inn ved elva Rauma. Den er godt egna til bruk i den vidaregåande skulen, fordi heile filmmanuset finnast blant bonusmaterialet.